Referat frå Tromsø (17.10.2009)
Så skulle elitelaget jammen på bortetur igjen. Det har blitt ein del slike turar i begynnelsen av sesongen. Denne helga skulle me på langtur – heilt til Tromsø. Me måtte reise uten Øivind, som har flykta til Brasil, sidan han er ettersøkt for å ha sprengt skalaen til Olympiatoppen. Gamlefar Arne var heller ikkje med. Eit leit lårhalsbrot etter ein stygg gåstolkollisjon haldt han utanfor denne gongen, sjølv om den offisielle grunnen var at han hadde reist på ferie til Roma. Liksom!
Istaden henta me inn Kristian Bjelland, som var med å vinne NEVZA med U19- landslaget den føregåande veka. Han kom flygande inn like etter oss andre. I eit fly, altså, ikkje av seg sjølv.
Me budde på Rica Grand Nordic Hotel. Før kampen vart det ein kjapp tur på butikken for å handle litt mat, og den konsumerte me raskt på hotellet før me traska opp til Gyllenborghallen. Her såg me først UiS feie Tromsø Volley av banen rimeleg effektivt, før det var vår tur til å prøve å kopiere bedrifta.
Kampen blei for vår del prega av det som har vore varemerket vårt den siste tida – me gjer akkurat det me må for å vinne. Tromsø held følge med oss ei god stund i setta, før me set inn det ekstra giret som trengs for å vinne. Det blei litt rot undervegs. Første sett, der me spelte med «toppa» mannskap, endte 20-25 til oss. Midtvegs i andre settet får Morten Kvamsdal eit lett overtråkk (som sjølvsagt blir massivt overdramatisert av Eidfjord-karen), og sidan Andrej og Morten Kleveland er våre einaste reservar, og Andrej allereie har vore på banen i settet, er det duka for Kåre Morke som diagonal og Morten Kl som leggjar. Det er vanskeleg å sei om det er me som blir ekstra tente på å vinne, eller om det rett og slett er Klevis som er heilt fabelaktig god utpå der. Iallfall kjem mannen like godt utpå og plukkar ein knallhard ball i forsvar som me slår inn, for deretter å serve ess like etterpå. For ein spelar! Tromsø får knapt fleire poeng resten av settet, og det blir sjølvsagt avslutta av diagonalvikar Kåre som dippar inn settballen. Pingle. Settet endar 17-25.
Til Kåre sin enorme skuffelse må han halde fram som leggjar i tredje sett. Ole Martin får eit gjensyn med diagonalrollen han hadde i Randaberg, og Andrej bekler den ledige kantrolla. Me spelar ikkje plagsomt bra, men gjer meir enn nok til å kontrollere inn settsiger 17-25. Dermed 0-3, og Nyborg har no fleire poeng i eliteserien enn dei andre laga har til saman. Grei sesongstart! For øvrig må det nevnast at Kristian Bjelland gjorde ein fin debut på elitelaget. Poengstatistikken viser at han tok 6 poeng, noko som er svært respektabelt i sin første kamp som midtspelar.
Sidan det var laurdagskamp og flyet vårt ikkje gjekk før i to-tida søndag, drista dei fleste av oss til å kose oss med drikking og bytur. Det viste seg at folk på byn i Tromsø kanskje var litt i overkant aggressive. Det må vere lov å sei litt halvtulling også. Grunnlaget for dette utspelet er at Andrej først blei slått i fjeset av ei jente fordi han satt på ein stol i nærleiken av eit bord som var reservert. Dårleg gjort! Dette kvinnemennesket viste seg ytterligare tillitsvekkande når ho seinare peika ut Daniev Stenvig, som elegant hadde rista av seg sykkelkrasj-smertene som haldt han utanfor kampen, som den ansvarlege for den brutale tilstadeværelsen i nærleiken av det reserverte bordet. Det såg ei stund ut til å bli slåsskamp av det, men merkelig nok følte ikkje dei fire karane på rundt 170 at å prøve å vinne slåsskamp mot seks-sju to meter høge karar var spesielt lurt. Det heile enda fredeleg, og alle kom seg trygt tilbake til hotellet, i meir eller mindre glimrande form.
Alle var i tilsynelatande fin form dagen derpå, og alle, til og med underteikna, kom seg av gårde med alle ting og seg sjølv i god behold. I tre-tida kom flyet seg avgårde. Me landa i fem-tida, og då var alle rimelig lei av å sitte i eit lite Widerøe- propellfly med beinplass tilpassa treåringar.
Likevel trur eg alle var nøgde med helga, med tre poeng i sekken og i visshet om at Andrej blei slått i fjeset av ei jente.
Yngve (samme person som Yngv, som det sto sist gong)
|