Noko useriøst og uformelt referat frå Kristiansund og Oslo 3.-4.10.2009
Denne helga var Nyborg-gutta igjen på tur. Denne gongen stod det Kristiansund og Oslo på boarding-korta. (Å sei at dei sto på menyen ville vore litt spesielt)
Me reiste i to puljer. Dei gamle, Ivar, Arne og Ole Martin. Dei fekk reise med honnørbillett, derfor fekk dei reise direkte. For me unge og spreke var det billigare å reise med mellomlanding i Oslo. Dei unge denne gongen var underteikna, Kåre, Andrej, Andrè, Morten og Ørjan. Tore kom køyrande frå bartebyen, og Øivind har jo sprengt rekkevidde- skalaen, noko de kan lese om i BT, så han tok like godt rennafart og hoppa til Kristiansund. Han blokka eit fly på vegen. Men for å ikkje gjere dette til ein biografi om Otte Bjelland, så får eg vere ærlig og seie at Øivind eigentleg møtte oss då me mellomlanda i Oslo, og tok flyet med oss vidare.
Flyet me tok til Oslo var ein halvtime forseinka, og når me kom til Oslo, var like godt flyet til Kristiansund fire timar forseinka (det var riktignok omlag halvannan time, men overdriving er morosamt), og me måtte slå i hel ein del tid. Me kunne høyre den skadefro, hakkete latteren til Gamlefar (Arne, altså) heilt frå Kristiansund.
Når me unge omsider landa i Kristiansund, tok me taxi til hotellet. Nokon valgte å gå rett til sengs, andre ville finne seg noko godt å ete på ein av dei utallige restaurantane i Kristiansund. Men sidan alle restaurantane heitte Shell eller Uno X, endte me opp med 7-Eleven. Her møtte me på den berykta Kristiansund-mafiaen, som besto av ein pislete fyr og to tjukkasar. Dei var alle idiotar, og dei inspirerte oss til å returnere til hotellet for å sove.
Etter ein god frukost og ein spasertur rundt i det, eh, interessante landskapet rundt «byen» var me klare til å slå KVBK.
Dei hadde henta heim Kjell-Arne Gøranson og oppleggjar Sigurd Ringstad til kampen. Dette synest me var kjekt, for det forsterka dei nok ein god del. Likevel hadde me grei kontroll kampen gjennom. Me vann 3-0. Etter å ha «toppa» laget i første sett, brukte me i andresettet Tore som diagonal, Kåre som kant, Andrej som oppleggjar, underteikna og Ørjan som senterspelarar, og Arne som libero. Neida. Det me gjorde var å bytte inn Tore, Andrej og Arne som henhaldsvis oppleggjar, kant og senter. Det gjorde nok godt for Arne å setje frå seg gåstolen og spele litt, då han før kampen klaga mykje på gikta og på trekk i hallen.
Etter kampen venta det ein tur i Atlanterhavsbadet for alle utanom Andrè som var teit og gjorde lekser. Ein spelar på laget fekk eit amputert badebesøk ettersom han måtte hente halvparten av bagasjen sin på hotellet fordi han ikkje fekk med seg at laget ikkje skulle sove ei natt til. Eg skal ikkje sei kven som gjorde dette. Jo, det skal eg. Det var underteikna. Og taxien kosta nærmare 300 kroner, samt at eg måtte småprate med ein taxisjåfør som eg ikkje forstod noko av.
Etter badet bar det til flyplassen. Denne gong var flyet heilt i rute. Vel framme tok me oss til Børsparken Hotel. Ikkje overraskande låg det nære Børsen. Det skal ikkje seiast heilt sikkert kva folk gjorde på på kvelden. Meg sjølv, Ørjan og Kåre hadde rom for oss sjølv og brukte tida til å sjå på eit lettbeint, amerikansk underhaldningsprogram. Eg veit altså ikkje kva dei andre gjorde på, men eg høyrte iallfall at Arne skifta til vinterdekk på gåstolen, pleidde gikta og klaga på trekken på rommet. Sånn er det å bli gammal.
Morgonen etter venta den etter kvart sedvanlege frukosten og spaserturen. Spaserturen gjekk til taket på Operaen. Der var det stilig. Det er godt å sjå at fleire milliardar kroner går til noko så viktig som å ha heile bygningen i marmor.
Apropos eit tonn pengar brukt på berre tull, så reiste me etterkvart ut til Bjørnholthallen, som var åstaden for kampen. Der var det 15 meter+ til taket og det var dermed berre såvidt at Øivind tok oppi taket når han tok rennafart. Men mannen har tross alt sprengt skalaen, så han klarte det. Dei unormalt store vindaugo i hallen var dessutan så kjekt laga til at solbriller hadde vore fordelaktig når ein stod i mottak på eine sida. At ein ikkje kunne sjå linjene på andre sida på grunn av gjenskin i parketten var også ein faktor som hjalp oss veldig i kampen.
Kampen starta greit. Me stod på «god-sida» i første sett og utnytta nok at Oslo Volley ikkje fekk spelet sitt heilt til.. Samtidig gjorde me det vanskeleg for dei. Det var også utruleg motiverande å ha Janne Kongshavn som assistenttrenar på benken. Det var nok ein viktig grunn til det gode førstesettet. Me vann 25-15. I andre settet var det verre. Mottakarane sleit med lysforholda, og det vart dermed vanskeleg for oss. Men trass i å ha lege under blant anna 18-12, henta me oss inn, berre for å tape settet 23-25. Tredje sett vart like jevnt, og det var nok fleire på laget som etter kvart blei smånervøse for å tape poeng. Stillinga var 24-24 når det vert eitt eller anna kluss med oppstillinga til Oslo. Det heile endar med at me plutseleg har vunne settet 25-23. Eg veit ikkje kva som skjedde, men dei som vil vete det kan spørje Arne, for han er ein gammal, vis mann. Sistesettet er det ikkje så mykje å sei om, me var suverent best her og vant greit. Morten fekk lov til å hamre matchballen inn på tre-meter, og alle var nøgde.
Meir er det igrunn ikkje å sei. Me dusja, kom oss i ein taxi som køyrde oss til flyplassen og kom oss i eit fly som fauk oss tilbake til det deilige drittveret i Bergen. Alltid ein glede!
Neste søndag får Nyborg Mladen Stankovic sitt Randaberg på besøk i Stemmemyren. Alle bør komme å sjå på, for me skal vinne den kampen også. Om ikkje Mladen kjem med ein av sine mange genistrekar.
Yngv |