Nyborg på tur i Danmark
Se bilder her.
I helga var elitelaget på tur til Elitestævnet i Middelfart, Danmark. Elitestævnet er ei tradisjonsrik turnering som har blitt heldt i over 40 år.
Me reiste frå Flesland ca kl 10 fredag morgon. Vel framme på Kastrup måtte me vente ei stund på å få ta tog vidare til København sentralbanestasjon (eller på dansk hovedbanegård, som gamlefar Arne likte å kalle det). Her fekk me tida til å gå med kortspel, Burger King- mat og med å sjå på ein fyr i ein kø som var fascinerande lik Josè Mourinho. Å snakke tulledansk var òg ein populær aktivitet. Det var det for øvrig gjennom heile opphaldet.
Til slutt kom me oss på toget til Middelfart. Vel framme vart me plukka opp av folk frå leiinga vertslaget og kjørt til hotellet me budde på. Bortsett frå eit skralt utvalg av TV- kanalar var hotellet meget fint. Etter litt lett avslapping gjekk me for å trene i hallen me skulle spele i. Etter treninga delte laget seg opp i to deler. ACA- delen (Anti Card Association) og KPF- delen (Arne sitt noko ulogiske og lite grammatisk korrekte navn på den kortspelande delen, Korts Pelar Forbundet). Den heilt ferske korts- pelar og Nyborg-spelar Ole Martin Helland imponerte med å slå Ørjan Siljander sin rekord i bondebridge.
Laurdag morgon begynte alvoret. Etter ein morgontur, god frukost og god oppvarming sto det nest beste svenske laget i serien i fjor, Örkelljunga, på andre sida. Me fekk raskt erfare at Örkelljunga, med fleire amerikanarar på laget, var solide motstandarar. Likevel var me klart best og kontrollerte inn tre ganske jamne sett utan å ta ut vårt aller beste.
I den andre gruppespelskampen møtte me Ålborg. Dei hadde eit brukbart lag. Blant anna hadde dei to veldig høge, om enn noko ukoordinerte, islandske tvillingbrør samt ein senter med erfaring frå det danske landslaget. Det viktigaste å huske på før kampen var sjølvsagt at Endre Thomassen har slått face på den eine tvillingen på landslaget før.
Ålborg hadde høgt tempo i spelet sitt, og me sleit med å få satt blokka vår skikkeleg. Dei hadde også ein god dag i mottak, som gjorde det desto vanskelegare for oss. Likevel, med hjelp av ein side-out av meget høg kvalitet gjennom heile kampen, tok me alle tre setta relativt greitt. Dette ga oss puljesiger, og semifinale søndag morgon mot Marienlyst, eit lag Nyborg fekk skambank av i Nordic League tidlig i 2009. Hevnlysten lyste ut av augene på spelarane som var med den gongen. Norske Joakim Larsen spelar for øvrig for Marienlyst.
Laurdag kveld gjekk stort sett med til det same som førre kveld. ACA heldt seg for seg, mens korts- pelarane samla seg på Arne, Øivind og Ole Martin sitt rom nok ein gong. Ole Martin måtte skuffa konstatere at rekorden han sette dagen før rauk. Ikkje ein gong Arne sine spydige kommentarar om vekt kunne psyke ut Endre Thomassen og forhindre ny rekord. Han innehar no rekorden for både 4- og 5- manns bondebridge.
Søndag morgon var alle svært klar på å knuse Marienlyst. Me hadde eigentleg fyrt oss opp for kampen allereie dagen før med å drive utbredt mobbing av kroppsvekt på visse motspelarar. Når Marienlyst så set på oppvarmingsmusikk som Andrè så treffande beskreiv som ”Gay Electro Shit” og Øivind går bort for å skifte musikk, berre for å bli møtt av spydige kommentarar av visse overvektige motspelarar, blei alle ekstra klar.
Kampen blei ei triumfferd for Nyborg. Me var knusande overlegne i alle fasar av spelet. Dei regjerande danske meistrane såg regelrett ut som juniorar. Berre i andre sett trua dei oss i nokon særleg grad, då hadde dei til gjengjeld leiinga heilt til i slutten av settet. Ei fin opphenting, avgjort av ei monsterblokk på av Andrè sikra oss likevel settsiger. Mannen som slo i blokka, som tilfeldigvis var den overvektige motspelaren, blei bytta ut og kom aldri innpå igjen. Aburn! I tredjesett bestemte me oss for å knuse til, og det gjorde me. Berre dårleg konsentrasjon i sluttfasen tillot Marienlyst å få eit tosifra antal poeng.
Dette ga oss finaleplass mot Middelfart, eit lag me ikkje heilt visste kva sto for. Men vertslaget viste fort at dei ikkje kom til å bli nokon kasteball. Etter at Nyborg kontrollerte inn førstesett, kom Middelfart knusande tilbake i andre sett. Tredje sett blei uhyre jamt, men Middelfart trakk det lengste strået. Fjerdesett bar preg av mange fantastiske ballvekslingar. Middelfart hadde matchball i dette settet, men når kapteinen deira bankar ballen i beina på innbytarane til Nyborg på blankt nett, får Nyborg trua tilbake. Me kjempar inn settballen, og det var klart for eit tredjesett. I byrjinga av dette er me heilt suverene, Middelfart får ingen ting til og det toppar seg med at Øivind utfører tidenes kill-blokk på den gode japanske diagonalspelaren til Middelfart. Ved sidebytte har Nyborg leiinga med 8-2. Men likevel klarer me å gjere det spennande. Ein lang, ekkel flakkserve kombinert med ei litt uheldig angrepsoppstilling tillet Middelfart å utligne til 8-8. Herifrå er det jamnt heile vegen inn. Nyborg får eit par matchballar, og me trur me har vunne når dei soleklart slår i nett. Men våre danske dommarvennar, som eg ikkje vil sei for mykje om, bortsett frå at dei var dooåååårlig, dømmer ikkje fire slag, og Middelfart slår inn ballen. Underteikna presterer i tillegg å pådra seg eit gult kort for protestar slik at Middelfart får matchball. Morten Kvamsdal avvergar den, før ein angrepsfeil gir oss matchball igjen. Ein god serv gir dårlig mottak som dei ikkje klarer å hente opp, og me vinn kampen 20-18!
Me jublar for sigeren i om lag to sekund, før me takkar Middelfart for kampen og spring ut dørene i full fart for å nå toget vårt. Det gjer me ikkje, noko som fører til at dei fleste må sitte på golvet. Svært behagelig å sitte på golvet i nokon timar etter ein lang femsettskamp. Til trass for litt hastverk på Kastrup, kjem me oss silkemjukt av gårde i propellflyet til Sandefjord, der me handlar i tax-free’en før avreise til Bergen. Me kjem til Bergen litt etter halv tolv, slitne men godt nøgd med å ha vist oss som kanskje Skandinavias beste volleyballag. Me var også nøgd med å komme oss ut av Danmark, ettersom det gulpete språket deira haldt på å gnage hol i øyrene på spelarane etter ei heil helg.
Eg blei spurt fint (les: tvunge, fordi eg er junior) til å skrive referat frå Danmarksturen.
Yngve
|